Nytt styringssystem for radiatoranlegget

Det blir montert nytt styringssystem for radiatoranlegget frå måndag 23. januar.
Vi reknar med at arbeidet blir avslutta i løpet av fredag 27. januar.

Arbeidet kan føre til at det blir korte periodar utan varme i radiatorane på dagtid.

Styringssystemet vil gjere at temperaturen på radiatorvatnet går ned når utetemperaturen går opp.
Det blir òg natteseinking av temperaturen mellom midnatt og kl 6.

Styringssystemet fører altså til at vi får doble sett med termostatar:
Ein felles termostat i kjellaren, i tillegg til at det er termostatar på nesten alle radiatorane.
Dette vil føre til at vi bruker mindre fjernvarme, og at dei neste varmerekningane ikkje blir så høge.

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.