Kartverket har gjort om vedtaket

I slutten av april fekk alle seksjonseigarane brev frå Statens kartverk om at det var tinglyst ei hefting på alle seksjonane. Styret anka avgjerda, og har fått gjennomslag.

I april meinte Kartverket at dei hadde oppdaga at det skulle ha vore tinglyst ei hefting på alle seksjonane i Blindernveien 2 og 4. Dei tinglyste difor ei hefting på alle seksjonane som sa at Opplysningsvesenets fond skulle godkjenne alle sal og all utleige av seksjonane i sameiga.

Opplysningsvesenets fond er eigedomane til Den norske kyrkja. Dei eig tomtene våre, og tusenvis av andre i landet. Vi har festekontrakt og betaler ei årleg leige for tomtene.

Styret anka – og fekk gjennomslag

Ei slik hefting er svært upraktisk. D.v.s. at Opplysningsvesenets fond måtte godkjend alle eigarskifte og all utleige; noko som jo ville teke nokre ekstra veker kvar einaste gong nokon skulle flytte inn eller ut av blokkene våre.

Styret anka difor avgjerda til Borgarting lagmannsrett.

I dag fekk vi svar frå Kartverket. Dei har fått brevet vårt, og har no fjerna alle heftingane på seksjonane våre. Det er svært gledeleg!

Les brevet frå Kartverket som stadfestar at heftingane er fjerna.

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.