Info frå styret 19. april

Utdrag av informasjonsskriv sendt ut på papir 19. april.

Rot i kjellaren / fellesareala

Det er ikkje lov å setje avfall eller andre ting i kjellaren eller dei andre fellesareala. Dette gjeld òg bombe¬rommet (ved sidan av heisen).

Kvar bebuar må sjølv transportere avfall til ein gjenbruks¬stasjon. Dersom styret finn noko ståande i fellesareala vil dette bli fjerna, og du vil få ei saftig (!) rekning i posten.

Gjenbruksstasjonar (tek i mot all slags avfall frå privatpersonar):

  • Haraldrud gjenbruksstasjon, Haraldrudveien 18.
  • Grønmo gjenbruksstasjon, Sørliveien 1

Minigjenbruksstasjonar (for mindre avfall):

  • Pilestredet park, Stensberggata 20
  • Bentsehjørnet, Bentsebrugata 11 c
  • Grefsen, Kapellveien 118
  • Sofienbergparken, Helgesens gate 56

Opningstider og informasjon:

www.renovasjonsetaten.oslo.kommune.no

Bruk uteområdet!

Sameiga har ein flott terrasse og grill som er til fri bruk for alle bebuarane. Hugs å avslutte grilling og sosialt samvær innan kl 23.

Nye postkasser i Blindernveien 2

Årsmøtet i B2 vedtok å skifte ut postkassene i inngangen. Dette vil truleg bli gjort før sumarferien. Vi vil unngå å skifte ut postkassene i fellesferien.

Annan informasjon

  • Tunge slusedører. Nokre av bebuarane har klaga på at dei nye slusedørene er svært tunge å opne. Styret har kontrollert alle dørene, og har bede Dør- og vindusspesialisten (DVS) om å kome for å justere nokre av dørene. Hugs at det går an å søkje om tilskot frå bydelen til elektrisk døropnar. Ta kontakt med hjelpemidelsentralen om du treng dette.
  • Golvet i slusene. Etter at slusedørene vart skifta ut er det ein liten stripe med synleg betong mellom dørterskelen og linoleum/flisar/parkett i slusene. Styret vil ikkje koordinere tetting av denne sprekken, p.g.a. at det varierer veldig kva slags golvbelegg som er i kvar sluse. Det er lett å dekkje denne sprekken med ei list, eventuelt leggje laminatgolv eller fliser.
  • Ikkje slepp inn ukjende! Pass på at du ikkje opnar inngangsdøra for ukjende. Tidlegare i år vart ein bebuar i Blindernveien 4 rana av to ukjende personar som tok seg inn i blokka. Utgangsdørene og vaskeridørene skal alltid vere låste.
  • Pass på kva du kastar i do! I Hugs at du ikkje må kaste tørkepapir, våtserviettar, vaskefiller eller sokkar i toalettet. Eller sagt på ein annan måte: det skal ikkje kastast anna enn toalettpapir i toalettet! I Blindernveien 2 er det kloakkpumper i kjellaren. I fjor var det store og svært kostbare problem med desse.
  • Nye gjesteparkeringskort. Det vart sendt ut nye gjesteparkeringskort tidlegare i år. Dersom du nyttar dei gamle oblata risikerer du bot og/eller borttauing.
  • Ikkje kast noko ut frå balkongane! Pass særleg på at gjester o.a. ikkje kastar ut sneipar om du har fest.
  • Sentralfyren blir som vanleg slått av 1. mai.
  • Gardinene i sykkel- og hageromma er skifta ut med folie. Dette gjer at det slepp inn meir lys, samtidig som det er vanskelegare å sjå inn. Hugs å slå av lyset i sykkelrommet slik at vi unngår innbrot.
  • Hugs at du ikkje må setje mopedar eller andre ting som har bensin / brennbare stoffar i seg i sykkelrommet eller kjellaren. Dersom vi finn slike ting lagra i fellesareala, blir desse plassert ulåst utanfor blokka.
  • Barnevognar kan òg plasserast i hagerommet. Dersom sykkelrommet er fullt, er det god plass til nokre barnevogner i hagerommet (det mellom sykkelrommet og inngangsdøra).

blindernveien.no ble sist oppdatert 18.8.2022.