Info frå styret, august 2011

Haustdugnad 20.-21. september

Det blir dugnad tysdag 20. og onsdag 21. september for å male golva i kjellaren og rydje ute. Styret ber om at alle stiller på éin av dagane.

Det kjem påmeldingsliste der du kan skrive deg opp eit par veker før dugnaden.

Dugnaden startar kl 18 og blir avslutta mellom 20 og 21 kvar dag.

Utskifting av radiatorventilar

Dei fleste radiatorventilane vart skifta i sumar. Styret vil takke alle som leverte frå seg nøkkel eller var heime då røyrleggjaren kom; trass i kort varsel og at det var midt i ferien.

Det står att arbeid i 16 leilegheiter, desse får ny dato i løpet av kort tid. Sjå lista over leilegheiter som står att + informasjon om nøklar som er levert til styret.

Rørmontasje må inn i alle leilegheitene éin gong til før radiatoranlegget kan fyllast opp: Dato kjem snart.

Oppussing av slusene

Styret har fått mange spørsmål om oppussing av slusene (det lille rommet mellom inngangsdøra og trapperommet). Seksjonseigarane som deler sluse er ansvarlege vedlikehald av dette rommet.

Dersom du vil bruke same farge som i trapperommet er fargekoden 0500-N9901.

Fleire seksjonseigarar har òg lagt laminat eller fliser på golvet. Seksjonseigarane som deler sluse må vere samde om farge og golvbelegg.

Har du andre oppussingsspørsmål? Sjå www.blindernveien.no/oppussing

Ikkje ekstraordinært årsmøte i haust

På årsmøtet i april vart det vedteke å ha eit ekstraordinært årsmøte til hausten for å vedta finansiering av fasadeoppussing m.m.

Multiconsult har endra rapporten som vart lagt fram på årsmøtet, og seier no at vi trygt kan vente 5 år (kanskje 10 år) før vi må setje i gang arbeidet med fasadane.

Styret har difor vedteke at fasadane og finansiering av arbeidet blir teke opp på det ordinære årsmøtet 5. mars 2012.

Styret arbeidet òg med eit detaljert langtidsbudsjett som vil bli lagt fram på årsmøtet.

Brannvernarbeidet

Styret har arbeidd med brannvern i fleire år, og fylgjer no vedlikehaldsplanen som vart vedteke av årsmøtet i april.

I desse dagar arbeider vi med:

  • Brannventilasjon i trapperommet. Styret har takka ja til tilbod frå Bryn Ventilasjon om montering av anlegg, og håpar at dette vil skje i løpet av hausten.
  • Brannvarslingsanlegg. Styret har henta inn tilbod frå tre ulike firma, og har bede Norconsult vurdere tilboda for å sjekke at dei er i samsvar med brannforskriftene. Vi håpar å kunne starte montering i løpet av året.
  • Ekstra rømningsvegar via balkongane. I dag går det brannstigar via balkongane frå 11. til 7. etasje. Desse må forlengjast til 2. etasje. Det er usikkert når arbeidet skal utførast, dette kjem det informasjon om.

Styret arbeider elles med:

  • VVS: Sirkulasjonspumpene og styringsanlegget for radiatorane blir skifta i løpet av hausten. Desse er delvis defekte, og fører til at vi bruker mykje fjernvarme, og at det i tillegg er dårleg sirkulasjon (det er varmt i dei nedste etasjane og kaldt på toppen).
  • Elektrisk: Arbeidet med å skifte alle sikringsskap og underfordelarar er sluttført, og det er no ikkje eit einaste gamalt sikringsskap att i bygga våre!
  • Ventilasjon: Ventilasjonsanlegget vart reinsa før sumaren, men det var fire leilegheiter som Powerclean ikkje kom seg inn i. Dette blir teke no til hausten, slik at vi får så god sirkulasjon og så frisk luft som mogleg.
  • Etterisolering/fasadeoppussing: Styret ser på ulike løysingar for korleis vi kan pusse opp fasadane. Eitt alternativ er å etterisolere (kanskje òg skifte vindauge o.a.). Vi kjem med meir informasjon utover hausten/vinteren.
  • Heis: Dreieskiva i heisen i Blindernveien 2 må kanskje skiftast i løpet av hausten (heisstans i 2-3 dagar).

blindernveien.no ble sist oppdatert 18.8.2022.