Fasaderehabiliteringa går raskare enn venta

Fasaderehabiliteringa går raskare enn venta, og Thorendahl har laga ein ny framdriftsplan for arbeidet.

Blindernveien 2

Arbeidet var planlagt å vere ferdig ca 1. august, det ser no ut til at stillasa blir rigga ned tre veker tidlegare.

  • Vindaugsutskifting vil skje i perioden 5. mai til 6. juni.
  • Fasadearbeidet blir avslutta 27. juni.>
  • Stillasa vil bli fjerna innan 11. juli.

Vollgravene rundt halve huset vil bli etterisolert dei siste to vekene i juli.

Blindernveien 4

Arbeidet var planlagt å vere ferdig ca 24. oktober, men det ser no ut til at alt vil vere avslutta innan 3. oktober.

  • Stillasa blir rigga opp frå 5. mai.
  • Vindaugsutskifting vil skje i perioden 2. juni til 4. juli.
  • Fasadearbeidet blir avslutta 19. september.
  • Stillasa blir fjerna innan 3. oktober.

Vollgravene rundt halve huset vil bli etterisolert dei to siste vekene i oktober.

blindernveien.no ble sist oppdatert 2.2.2022.