Fasaderehabiliteringa går raskare enn venta, og Thorendahl har laga ein ny framdriftsplan for arbeidet.
Blindernveien 2
Arbeidet var planlagt å vere ferdig ca 1. august, det ser no ut til at stillasa blir rigga ned tre veker tidlegare.
- Vindaugsutskifting vil skje i perioden 5. mai til 6. juni.
- Fasadearbeidet blir avslutta 27. juni.>
- Stillasa vil bli fjerna innan 11. juli.
Vollgravene rundt halve huset vil bli etterisolert dei siste to vekene i juli.
Blindernveien 4
Arbeidet var planlagt å vere ferdig ca 24. oktober, men det ser no ut til at alt vil vere avslutta innan 3. oktober.
- Stillasa blir rigga opp frå 5. mai.
- Vindaugsutskifting vil skje i perioden 2. juni til 4. juli.
- Fasadearbeidet blir avslutta 19. september.
- Stillasa blir fjerna innan 3. oktober.
Vollgravene rundt halve huset vil bli etterisolert dei to siste vekene i oktober.