Slik blir balkongane

Fleire seksjonseigarar har sendt spørsmål om korleis balkongane blir etter rehabiliteringa.

Takk for mange gode spørsmål og kommentarar: Det er svært nyttig at så mange seksjonseigarar tek kontakt med byggjekomitéen; det sikrar at vi hugsar på alle smådetaljar!

Rekkverk og brystning

20140521-184218-67338482.jpg20140521-184218-67338756.jpg

På toppen av brystninga kjem det eit kvitt metallbeslag. Det har tidlegare vore problem at malinga her har flassa av fordi det har blitt liggjande vatn etter at det har regna. Dette problemet blir no løyst. Det er òg betre å setje eventuelle blomsterkasser på eit metallbeslag enn på betong.

Oppdatert info 21. mai: Aluminiumsrekkverket blir pussa og malt i same farge som metallbeslaget. Rekkverket blir flytt ut der balkongane har fått isolasjon. Det vil bli god plass til blomsterkasser o.l. oppå kanten.

Veggar og tak

Veggane og taket på balkongane blir malt lys-lys-grå (fargekode S 1500-N). Det blir òg malt i hôlet mot luka i etasjen over.

Hakk og sprekkar blir sparkla.

Golvet

Golvet på balkongane blir malt med malingstypen StoPur EB 400, som er ein vassbasert polyuretanforsegling (svært solid maling!). Fargen blir mellomgrå (fargekode Ral 7035).

Luka i golvet blir ikkje malt. Lukene er i god stand, men kan eventuelt malast dersom dei er stygge. Bruk i så fall malingstypen Hammerite Direct to Galvanised i lys grå farge, eller ein annan eigna metallmaling (puss gjerne med litt slipepapir fyrst så du får av gamal møkk).

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.