I 2008 hadde Brannvesenet inspeksjon i blokkene, i samband med Høghusprosjektet Brannvesenet har i Oslo. Brannvesenet kom med ein del pålegg («skal») og ein del tilrådingar («bør») for å betre branntryggleiken i blokkene.
Årsmøtet i 2009 vedtok å gjennomføre eit brannvernprosjekt for å etterfylgje krava frå Brannvesenet.
Arbeidet starta i 2008, og vil bli avslutta i 2012.
Overordna plan for arbeidet
- 2008:
- Opplæring i bruk av brannslokkingsapparat på dugnaden.
- Kontroll av alle brannslokkingsapparat og røykvarslarar.
- 2009:
- Styret organiserte innkjøp av nye røykvarslarar og brannslokkingsapparat.
- Alle slusedørene (som var laga i tre, originale frå 1959) vart skifta ut med brannsikre dører.
- 2010:
- Alle gamle entredører (i tre, originale frå 1959) vart skifta ut med brann- og røyksikre dører. Dette er kvar sameigar sitt ansvar, men styret koordinerte utskiftinga.
- Hovudtavla for straum, vaskeritavla og sikringsskap i fellesareala vart skifta i løpet av hausten 2010.
- 2011:
- Alle eigarar fekk tilbod om å skifte ut sikringsskapa sine, svært mange takka ja. Dette er kvar sameigar sitt ansvar, men styret koordinerte felles utskifting. Arbeidet vart starta i 2010 og avslutta i 2011, og det er no ingen gamle sikringsskap att i bygga.
- 2012:
- Sentralt brannvarslingsanlegg, med detektorar og sirener i kvar leilegheit.
- Det blir installert brannventilasjon / trykksetjingsanlegg som skal blåse ut røyk frå trapperommet i tilfelle brann. Dette sikrar at blokkane kan evakuerast gjennom trapperommet. Dei nye brann- og røyktette entrédørene vil sikre at det ikkje slepp til oksygen til brannen.
- Forlengjing av rømningsvegar via balkongane. Det er i dag rømningsvegar frå 11. til 7. etasje. Desse må forlengjast til bakkenivå.
Dokumentasjon og kvalitetssikring
Styret har hyra inn Norconsult til å gå gjennom brannverntiltaka, for å sikre at dei er i tråd med forskriftene. Norconsult leverte ein rapport med tilrådingar i oktober 2010.
Dokumentasjon for delprosjekt:
- Trygg og Sikker AS: Serviceavtale m.m. for brannslokkingsapparat.
- DVS Entreprenør AS: Sluttrapport og dokumentasjon for slusedører, entrédører og andre dører.
Kostnader
Brannvernprosjektet har blitt finansiert over det vanlege vedlikehaldsbudsjettet. Seksjonseigarane har betalt for skifte av entrédører og oppgradering av sikringsskap. Det har ikkje vore ekstraordinære innbetalingar eller husleigeauke som fylgje av brannvernprosjektet.
Sameiga har til saman brukt ca 2,4 mill. kr over fire år på brannvernprosjektet. I tillegg har seksjonseigarane betalt ca 900 000 kr. Til saman har heile prosjektet kosta 3,2 mill. kr for båe sameiga til saman.
Kostnadane år for år har vore: Ca 1 mill kr i 2009, ca 900 000 kr i 2010, ca 400 000 kr i 2011 og ca 900 000 kr i 2012.
Dei største kostnadane har vore nye brannslokkingsapparat (95 000 kr), skifte av alle slusedører (890 000 kr), skifte av hovudtavler for straum (365 000 kr), brannvarslingsanlegg (460 000 kr), brannventilasjon (100 000 kr) med skifte av glastak over trapperommet (69 000 kr) og forlengjing av rømningsvegar via balkongane (260 000 kr). I tillegg har sameiga betalt ca 100 000 kr for brannteknisk rådgjeving og søknadsskriving.
Seksjonseigarane med gamal original entrédør betalte ca 12 000 kr for ny dør (38 av 88 seksjonar). Seksjonseigarar med gamal underfordelar/sikringsskap betalte 5250 kr for ny underfordelar (81 av 88 seksjonar).
Seksjonseigarane sitt ansvar for brannsikring
Hugs at du sjølv er ansvarleg for brannslokkingsapparat, røykvarslarar, elektrisk utstyr, sikringsskap, samt elektriske leidningar frå sikringsskapet og inn i leilegheita.
Sjekkliste for HMS, bl.a. brannvern.
Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn («eier» = seksjonseier, ikke sameiet)
§ 2 – 5 Røykvarsler og manuelt slokkeutstyr i bolig
Eier av bolig skal sørge for at boligen er utstyrt med minst en godkjent røykvarsler, plassert slik at den høres tydelig på alle soverommene når dører er lukket.
Eier skal også sørge for at boligen er utstyrt med manuelt slokkeutstyr som kan benyttes i alle rom.