Nye postkasser i Blindernveien 2

Dei gamle postkassene i Blindernveien 2

Dei gamle postkassene i Blindernveien 2. Hôlet til dei nye kassene er merka opp på veggen.

Postkassene i Blindernveien 2 vart skifta måndag 6. september. (Postkassene i Blindernveien 4 vart skifta for nokre år sidan, og skal ikkje skiftast no.)

Dei gamle postkassene står i gangen til vaskeriet og blir fjerna ca 13. september.

Posten blir levert som normalt frå og med tysdag 7. september.

Murarane kom (svært overraskande) ei veke før avtalt tid. Det vart difor dårleg informasjon om utskiftinga. Orsak for dette!

Det blir utdeling av nye postkassenøklar på desse tidspunkta:

  • Tysdag 7. september kl 18.00-18.15
  • Onsdag 8. september kl 08.00-08.20
  • Onsdag 8. september kl 20.30-20.45
  • Torsdag 9. september kl 08.00-08.20. Nesten alle nøklar er delt ut og vi avlyser difor siste utdelingsrunde (sidan det ikkje kom nokon onsdag morgon). Ta kontakt med styret om du manglar nøkkel.

Ta med deg alle dei gamle postkassenøklane når du skal hente dei nye. Dei gamle nøklane skal setjast i dei gamle kassene.

Dersom det er mange som ikkje får henta nøklar på desse tidspunkta, vil styret organisere fleire utdelingsrundar.

Vil du ha reklame? Styret har bestilt ”Nei takk reklame”-skilt til alle. Dersom du vil ha reklame, snur du dette skiltet slik at den svarte sida vender ut.

Postkassene er av typen Norgeskassa AL stål og er levert av Servicegruppen, og er i samsvar med eit nytt EU-direktiv om standardisering av postkasser (!). Dei nye kassene er produsert i Noreg, og er meir enn dobbelt så store som dei gamle kassene.

Share Button

blindernveien.no ble sist oppdatert 26.6.2017.