Luft radiatorane

Det er viktig at alle luftar radiatorane sine når radiatoranlegget blir slått på, og kvar gong du høyrer «surkling». Utan lufting gjev ikkje radiatorane noko særleg varme, og det blir mindre varme oppover i etasjane.

Du må alltid lufte radiatoren etter at varmen er slått på (kvar haust).

Dersom du høyrer susing eller klukking i radiatorane må du lufte dei (heile året). Om det er mykje luft i radtiatoren er det sjanse for rust på innsida, i så fall må du skifte ut heile radiatoren din eller betale for ein kostbar reparasjon.

Luftenøkkel til radiator

Luftenøkkel til radiator

Slik luftar du ein radiator:

  • Om du ikkje har luftenøkkel, kan du kjøpe ein i ein vanleg jernvarebutikk (f.eks. Jernia). Nøkkelen er ganske liten (ca 2 cm), og har ein rund ende med firkanta hôl.
  • I enden av radiatoren (på motsett side av der røyret kjem inn i radiatoren) er det ein liten ventil. Bruk nøkkelen til å skru opp denne ventilen til du høyrer susing av at lufta går ut. Viktig: Ikkje skru så mykje at heile ventilen løsnar (då vil vatnet flaume ut over golvet), du skal berre opne nok til at du høyrer at lufta går ut.
  • Vent til det byrjar kome ut vatn, og la det renne ut ein desiliter vatn (ein liten kopp) så du er sikker på at radiatoren er tom for luft. Det er nyttig med ei fille og ein liten bolle til dette.

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.