Info frå styret, november 2011

Utskiftingar i fyrrommet

Viktig informasjon

Sirkulasjonspumpene for radiatoranlegget er i ferd med å bli skifta.

Medan sirkulasjonspumpene blir skifta blir halvparten av radiatorane kopla ut minst ei natt.

Alle må ha minst ein elektrisk omn for å varme leilegheita medan skiftinga pågår. Den elektriske omnen bør stå på gjennom natta.

Tidspunkt for skifting:

  • Blindernveien 2: Halvparten av radiatoranlegget (nordkursen, mot Blindernveien) blir kopla ut tysdag 15. november, og kopla tilbake onsdag 16. november seint på kvelden.
    Den andre halvparten av radiatoranlegget (sørkursen, mot parken) blir kopla ut måndag 21. november, og kopla tilbake tysdag 22. november på ettermiddagen.
  • Blindernveien 4: Halvparten av radiatoranlegget blir kopla ut måndag 28. november og kopla tilbake tysdag 29. november på ettermiddagen.
    Den andre halvparten blir kopla ut torsdag 1. desember og kopla tilbake fredag 2. desember.
Nokre av leilegheitene (dei fleste av fireromsleilegheitene) får varme frå både nord- og sørkursen og vil altså ha litt varme under heile skiftinga. Treromsleilegheitene får stort sett berre varme frå nordkursen, og vil altså bli heilt kalde medan skiftinga pågår.

Styringssystemet for radiatoranlegget blir skifta i løpet av november / tidleg desember. Det gamle styringssystemet er heilt defekt i B4 og delvis defekt i B2. Dette fører til at vi brukar meir fjernvarme enn vi treng.

Det ser ut til at utskiftinga av radiatorventilane har vore vellukka: Radiatorane har vore slått på i 1,5 månad utan ein einaste lekkasje!

Rekninga for utskiftinga av radiatorventilane blir sendt ut før jul

Kjeldesortering

Vi kan spare mykje pengar på å få ned søppelmengda i sameiga. Det er særleg viktig å kaste alt papir i papirkassene, dette blir henta gratis av kommunen! Anna avfall skal i grøne (mat), blå (plast) og kvite (restavfall) posar.

Har du større ting som skal kastast? Då må du sjølv transportere det til Haraldrud/Grønmo; du kan ikkje plassere avfall i fellesareala i kjellaren.

Parkering

Oslo Parkeringsservice passar på parkeringsplassane våre. Tidlegare var det problem med at naboar og studentar brukte parkeringsplassane slik at det ikkje var plass til våre bilar.

I avtalen med Oslo Parkeringsservice er det avtalt at alle bilar utan parkeringskort skal tauast vekk umiddelbart og at bilar med gamalt parkeringskort skal få bot. Dette har fungert godt: Det er no som regel nok plassar.

Du må berre bruke nye gjesteparkeringskort (merka med utløpsdato sumaren 2012). Bilar med gamle parkeringskort får bot! Les meir om parkering.

Brannvernarbeidet

Styret har arbeidd med brannvern i fleire år, og fylgjer no vedlikehaldsplanen som vart vedteke av årsmøtet i april. No arbeider vi med:

  • Brannventilasjon i trapperommet. Styret har takka ja til tilbod frå Bryn Ventilasjon om montering av anlegg. Vi ventar på å få ferdigstilt byggjesøknad for å få endeleg godkjenning.
  • Brannvarslingsanlegg. Det blir montert felles brannvarslingsanlegg i løpet av vinteren/våren, med detektor og sirene i kvar leilegheit. Det kjem meir info når vi får ein datoplan frå selskapet og vi har fått trippelsjekka at anlegget er godkjend.
  • Ekstra rømningsvegar via balkongane. I dag går det brannstigar via balkongane frå 11. til 7. etasje. Desse må forlengjast til 2. etasje. Det er usikkert når arbeidet skal utførast, det kjem info.

Styret arbeider elles med:

  • Etterisolering/fasadeoppussing: Fasadane må pussast opp innan 3-5 år. Ei mogleg løysing er å etterisolere samtidig (kanskje òg skifte vindauga). Vi har no hyra inn eit konsulentselskap for å greie ut kor mykje ei slik oppussing vil koste. Vi kjem med meir informasjon utover vinteren.
  • Heis: Dreieskiva i heisen i Blindernveien 2 må kanskje skiftast i løpet av vinteren (heisstans i 2-3 dagar).

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.