Info frå styret 16. mars

Det nye styret har hatt fyrste styremøte, og dette er dei viktigaste sakene vi vil arbeide med i året som kjem:

  • Entrédører: Utskiftinga av entrédørene startar i veke 12.
  • Slusedører: Vi forsøker å justere dørene, slik at dei ikkje skal vere så tunge å opne.
  • Toppbalkongane: Det har vore problem med lekkasje o.a. med dei opne balkongane i 11. etasje. Arbeidet med balkongane blir sluttført denne våren.
  • El-tavler: Hovudtavla og vaskeritavla blir skifta i løpet av året. Vi skal vurdere om andre sikringsskap i fellesareal (varmerom o.a.) òg skal skiftast ut.
  • Sikringsskap: Sikringsskapa til kvar leilegheit (i «kottet» i gangen) er kvar seksjonseigar sitt ansvar. Vi vil forsøke å hente inn eit felles tilbod for dei som ynskjer å oppgradere sikringsskapet sitt. Det kjem truleg påmeldingslister i løpet av våren/sumaren.
  • Brannventilasjon i trapperommet: Som ein del av brannvernarbeidet skal vi få installert ei kraftig vifte i «hagerommet» (mellom inngangs¬døra og sykkelboden) med friskluftinntak + motoriserte luker i taket i trapperommet som opnar seg automatisk dersom det er brann. Vifta skal få ut røyk frå trapperommet slik at blokka kan evakuerast. Dei nye brann- og røyktette entrédørene vil sikre at det ikkje slepp inn oksygen til brann i leilegheitene. Arbeidet blir starta i år.
  • Nytt felles brannvarslingsanlegg: Arbeidet skal gjerast i 2012, men styret vil byrje å sjå på saka i denne arbeidsperioden.

Annan informasjon

  • Vi skiftar ut gardinene i sykkelboden med folie på vindauga slik at det ikkje skal vere så lett å sjå inn på fristande syklar som er lette å stele.
  • Hugs å slå av lyset og låse døra i sykkelboden for å unngå innbrot!
  • Vi har byrja hente inn tilbod på nye postkasser i Blindernveien 2. Postkassene vil fylgje dei nye EU-krava til postkasser (ja, det finst faktisk EU-standardar for dette òg!). Vi forsøker å samle alle postkassene på den same veggen som vi har postkasser på i dag slik at kassene ikkje blir så dominerande i inngangspartiet. Vi vil forsøke å unngå at postkassene blir skifta ut i sumarferien.
  • Arealoppmåling av leilegheitene: Vi har fått ein takstmann til å måle opp leilegheitene slik at alle får korrekte areal til bruk i sjølvmeldinga. Vi sender ut eigen informasjon om dette så snart vi får rapporten frå takstmannen.
Share Button

blindernveien.no ble sist oppdatert 26.6.2017.