Utdrag av informasjonsskriv sendt ut på papir 19. april.
Rot i kjellaren / fellesareala
Det er ikkje lov å setje avfall eller andre ting i kjellaren eller dei andre fellesareala. Dette gjeld òg bombe¬rommet (ved sidan av heisen).
Kvar bebuar må sjølv transportere avfall til ein gjenbruks¬stasjon. Dersom styret finn noko ståande i fellesareala vil dette bli fjerna, og du vil få ei saftig (!) rekning i posten.
Gjenbruksstasjonar (tek i mot all slags avfall frå privatpersonar):
- Haraldrud gjenbruksstasjon, Haraldrudveien 18.
- Grønmo gjenbruksstasjon, Sørliveien 1
Minigjenbruksstasjonar (for mindre avfall):
- Pilestredet park, Stensberggata 20
- Bentsehjørnet, Bentsebrugata 11 c
- Grefsen, Kapellveien 118
- Sofienbergparken, Helgesens gate 56
Opningstider og informasjon:
www.renovasjonsetaten.oslo.kommune.no
Bruk uteområdet!
Sameiga har ein flott terrasse og grill som er til fri bruk for alle bebuarane. Hugs å avslutte grilling og sosialt samvær innan kl 23.
Nye postkasser i Blindernveien 2
Årsmøtet i B2 vedtok å skifte ut postkassene i inngangen. Dette vil truleg bli gjort før sumarferien. Vi vil unngå å skifte ut postkassene i fellesferien.
Annan informasjon
- Tunge slusedører. Nokre av bebuarane har klaga på at dei nye slusedørene er svært tunge å opne. Styret har kontrollert alle dørene, og har bede Dør- og vindusspesialisten (DVS) om å kome for å justere nokre av dørene. Hugs at det går an å søkje om tilskot frå bydelen til elektrisk døropnar. Ta kontakt med hjelpemidelsentralen om du treng dette.
- Golvet i slusene. Etter at slusedørene vart skifta ut er det ein liten stripe med synleg betong mellom dørterskelen og linoleum/flisar/parkett i slusene. Styret vil ikkje koordinere tetting av denne sprekken, p.g.a. at det varierer veldig kva slags golvbelegg som er i kvar sluse. Det er lett å dekkje denne sprekken med ei list, eventuelt leggje laminatgolv eller fliser.
- Ikkje slepp inn ukjende! Pass på at du ikkje opnar inngangsdøra for ukjende. Tidlegare i år vart ein bebuar i Blindernveien 4 rana av to ukjende personar som tok seg inn i blokka. Utgangsdørene og vaskeridørene skal alltid vere låste.
- Pass på kva du kastar i do! I Hugs at du ikkje må kaste tørkepapir, våtserviettar, vaskefiller eller sokkar i toalettet. Eller sagt på ein annan måte: det skal ikkje kastast anna enn toalettpapir i toalettet! I Blindernveien 2 er det kloakkpumper i kjellaren. I fjor var det store og svært kostbare problem med desse.
- Nye gjesteparkeringskort. Det vart sendt ut nye gjesteparkeringskort tidlegare i år. Dersom du nyttar dei gamle oblata risikerer du bot og/eller borttauing.
- Ikkje kast noko ut frå balkongane! Pass særleg på at gjester o.a. ikkje kastar ut sneipar om du har fest.
- Sentralfyren blir som vanleg slått av 1. mai.
- Gardinene i sykkel- og hageromma er skifta ut med folie. Dette gjer at det slepp inn meir lys, samtidig som det er vanskelegare å sjå inn. Hugs å slå av lyset i sykkelrommet slik at vi unngår innbrot.
- Hugs at du ikkje må setje mopedar eller andre ting som har bensin / brennbare stoffar i seg i sykkelrommet eller kjellaren. Dersom vi finn slike ting lagra i fellesareala, blir desse plassert ulåst utanfor blokka.
- Barnevognar kan òg plasserast i hagerommet. Dersom sykkelrommet er fullt, er det god plass til nokre barnevogner i hagerommet (det mellom sykkelrommet og inngangsdøra).