Info frå styret 13. juni

Takk for flott arbeid på dugnaden!

Styret vil gjerne få takke alle som tok del på dugnaden 18. mai. Vi fekk gjort mykje bra arbeid!

Vi vurderer å kalle inn til ein maledugnad til hausten for å male oppgangane i kvar blokk. Ta gjerne kontakt med ein i styret om du har meiningar om dette. Vi kjem tilbake med meir informasjon dersom det blir dugnad.

Rydd i sikringsskapa!

Det ligg mykje rot i fleire av sikringsskapa («kotta» i gangen). Sikringsskapa er kvar seksjonseigar sitt ansvar, men styret har gått gjennom alle skapa no som ein del av brannvernarbeidet.

Styret ber om at alle ryddar og støvsugar i desse kotta. Det er svært brannfarleg at det ligg så mykje rot og skrammel i sikringsskapa.

Dersom skapa ikkje er rydda innan 1. august, vil styret organisere rydding i kvart skap. Seksjonseigarane i kvar etasje må dele på rekninga for dette arbeidet.

Rot i kjellaren

Vi minnar om at det ikkje er lov til å setje att skrot, søppel o.a. i kjellaren. Kjellaren skal vere fin og ryddig!

Du er sjølv ansvarleg for å transportere avfall til ein av returstasjonane til Oslo kommune. Meir informasjon på http://www.renovasjonsetaten.oslo.kommune.no/

Utskifting sikringsskap

Hovudtavla, vaskeritavla og sikringsskapa i fellesareala vil bli skifta i løpet av året. Styret har òg henta inn tilbod på utskifting av kvar seksjonseigar sitt sikringsskap.

Vi vil på det sterkaste rå til at alle skiftar sikringsskapa sine – det er med på å sikre branntryggleiken i blokkene!

Det vil koste i underkant av 5000 kr for kvar seksjonseigar å skifte sikringsskap.

Vi kjem med meir informasjon – og konkret pris – om dette tilbodet i løpet av sumaren / tidleg haust.

Dersom du allereie veit at du er interessert i å skifte sikringsskapet ditt, kan du leggje ein lapp i styrepostkassa i fyrste etasje, eller sende ein e-post til styret@blindernveien.no.

Utskifting av entrédører

Nokre seksjonseigarar har framleis ikkje skifta ut entrédørene sine. Styret minnar om at fristen for dette var 1. juni, og ber om at utskiftinga blir gjort umiddelbart.

Nytt kontorbygg, barnehage og vegutbygging ved sidan av B4

Opplysningsvesenets fond (som eig tomta ved sidan av Blindernvn. 4) har søkt om å få byggje eit nytt kontorbygg og ein barnehage ved sidan av Blindernvn. 4. Huset vil bli om lag like høgt som 6. etasje i B4.

Utbygginga vil skje på NRKs parkeringsplass og i «Hernesdumpa» (ned lille parkeringsplassen nedanfor trappa mot Marienlyst skole). Den øvste delen av huset vil gå opp til parkeringsplassen til Blindernvn. 4. Kontorbygget vil bli leigd av NRK når det er ferdig.

Styret har arbeidd med saka i eit par år, og har sendt fleire brev og høyringsuttalingar. Utbygginga er redusert noko som ein fylgje av klagane frå styret, Byantikvaren og fleire andre instansar.

Styret deltok på ei synfaring tidleg i juni, saman med representantar frå bydelen, byantikvaren, Opplysningsvesenets fond og fleire andre.

Styret har òg fått nabovarsel om utbygging av ny avkøyring for Marienlyst skole frå Blindernvn., samt ny busslomme i Blindernvn. Avkøyringa vil liggje om lag same stad som i dag, men vil bli ein større veg med asfalt og fortau. Arbeidet vil truleg starte i 2011.

Brannvernarbeidet

Styret har hyra inn Norconsult til å gå gjennom brannverntiltaka, for å dobbeltsjekke at arbeidet som blir utført er innanfor gjeldane forskrifter. Norconsult vil kome med ein rapport i løpet av sumaren.

Hagemøblane

Halvparten av hagemøblane vart diverre stole i byrjinga av juni. Hagekomitéen vil kjøpe nye bord og stolar i løpet av sumaren.

Ta kontakt med styret dersom du har opplysningar om tjuveriet.

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.