Haustdugnad 18.-20. oktober

Det blir dugnad måndag 18., tysdag 19. og onsdag 20. oktober for å male oppgangane.
Dugnaden vil starte kl 18 og vare til kl 21 kvar dag.

18. oktober dag skal vi maskere og sparkle (samt rydje litt i fellesareala, bittelitt hagearbeid og eventuell kasting av syklar frå sykkelboden). 19. og 20. oktober blir det maling (to strôk).

Styret har hengt opp lister på oppslagstavlene i fyrste etasje der folk kan skrive opp kva dag dei vil delta. Kvar seksjon må stille på éin dugnadsdag. (Kom gjerne på fleire om du har lyst!)

I Blindernveien 2 skal vi ha same farge som i inngangspartiet (gråkvit, 0500-N9901).
I Blindernveien 4 skal det vere den same lysegule fargen som i dag.

Alexander Burmo er hovudansvarleg i B2.
Anne Halvorsen er hovudansvarleg i B4.

Styret har bestilt ein liten container som kjem 18. oktober og blir henta 19. oktober.

Alle må merke syklane sine med namn og årstal før dugnaden. Alle umerka syklar og anna utstyr i sykkelboden blir kasta.

Share Button

blindernveien.no ble sist oppdatert 26.6.2017.