Dugnad 15. mai 2012 kl 18

Det blir dugnad tysdag 15. mai kl 18. Oppmøte ved inngangsdøra i kvar blokk.

Dugnaden startar med demonstrasjon av brannvarslingsanlegget kl 18. Du vil lære korleis du kan bruke anlegget, og korleis du slår det av ved eventuelle falske alarmar.

På dugnaden skal vi bl.a.:

  • Rydje i sykkelbodane, vaskeriet og kjellaren.
  • Rydje uteområda, plante og reparere plenen.
  • Male opp parkeringsplassane ved B2 (ikkje den store plassen ved B4).
  • Male veggane i fyrromma.

I tillegg skal vi feire at brannvernprosjektet endeleg er ferdig!

VIKTIG: Alle må merke syklane sine med namn og årstal før dugnaden. Umerka syklar blir kasta.

VIKTIG: Alle som har bilar parkert utanfor Blindernveien 2 (mot Wilhelm Færdens vei) må flytte bilane sine før dugnaden. Vi skal male opp parkeringsplassane.
Bruk parkering ved B4, eller gateparkering.

Dersom du ikkje har helse til å delta er det fint om du kan bake ei kake, bollar e.l. Det er hyggeleg om så mange som mogleg er med: vi har arbeidsoppgåver for alle!

Dersom du ikkje kan delta ber vi om at du betaler 500 kr til sameiget.

Vel møtt!

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.