Vil du ha duenetting på balkongen?

Styret har henta inn tilbod på montering av netting på balkongene. Nettingen stoppar duer og andre fuglar.

Vi har fått tilbod frå Alfa skadedyrkontroll AS.

Prisen er:

  • 1875 kr for fireromsleilegheiter (eitt nett).
  • 2650 for treromsleilegheiter (to nett).

Ordinær pris er 2400 kr for eitt nett, så vi har fått gode rabattar. Prisen er under føresetnad av at minst 10 seksjonar bestiller.

duenett3 duenett
Fleire har spurt om korleis duenetta ser ut. Dette er eksempelbilete (ikkje frå Blindernveien) som gjev eit inntrykk av korleis netta ser ut.

Nettingen har kvit farge og er solid. Det er mogleg å fjerne nettingen for maling o.a. vedlikehald.

Du får faktura direkte frå Alfa skadedyrkontroll.

Nettingen blir montert på ettermiddag/kveldstid.

Gje melding til styret innan 12. april 2015 dersom du ynskjer netting. Etter dette kan du kontakte Alfa skadedyrkontroll direkte på tlf 991 09 088 (men då må du truleg betale ordinær pris).

blindernveien.no ble sist oppdatert 24.4.2021.