Arbeidet i fyrromma er nesten sluttført

Det meste av røyrleggjararbeidet i fyrromma er avslutta, og det vil truleg ikkje bli fleire dagar utan varme i radiatorane.

Arbeidet har vore vellukka: Alle sirkulasjonspumpene og ein del av stoppekranene er skifta ut, og anlegget er meir stabilt enn tidlegare. Det blir pumpa meir vatn rundt i anlegget enn tidlegare, og styret håpar at dette vil føre til at gamalt grums som ligg i radiatorrøyra no blir vaska vekk.

Det står att elektrikararbeid for å få kopla til nytt styringssystem for radiatorane. Styringssystemet vil gjere at temperaturen i radiatorane går ned når det er varmt ute, og opp når det er kaldt.

Blindernveien 4: Sirkulasjonspumper for radiatorane og reinseanlegg

Blindernveien 2: Sirkulasjonspumper for radiatorane og det gamle styringssystemet

Blindernveien 2: Sirkulasjonspumper for radiatorane og trykkmålar

 

 

 

Share Button

blindernveien.no ble sist oppdatert 26.6.2017.