Problem med radiatorane i B2

Fredag 4. mars oppstod det ein feil på radiatoranlegget i Blindernveien 2. Feilen vil føre til lågt trykk og dårleg sirkulasjon i radiatorane fram til feilen blir utbetra. Dette vil føre til at det blir lite varme i dei øvste etasjane.

Det er uklårt kva feilen kjem av, men det ser ut til at det er for høgt trykk i delar av anlegget, slik at sikringsventilane på ekspansjonstankane i fyrrommet opnar seg for å sleppe ut vatn. Det vart tømt ut ca 200 liter vatn frå tankane, noko som førte til at det var 1-2 cm vasstand i halve fyrrommet.

Styreleiar tilkalte røyrleggjar fredag kveld, men det er ingenting vi får gjort med ekspansjonstankane før til veka. Fram til då må bebuarane i dei øvste etasjane ta i bruk elektrisk oppvarming dersom det blir kaldt.

Vi håpar at feilen blir løyst raskt.

Styret kjem på lekkasjejakt tysdag 8. mars

Det har  vore såpass store problem med radiatorane i Blindernveien 2 i det siste, at styret no vil gjennomføre lekkasjejakt i alle leilegheitene. Det har vore ein stor lekkasje i 3. etasje, og det er problem med å få opp nok varme til leilegheitene i dei øvste etasjane.

Sigurd og Erik frå styret kjem rundt i alle leilegheiten i B2 tysdag 8. mars frå kl 18 for å sjå på røyr og radiatorkranar.

Share Button

blindernveien.no ble sist oppdatert 26.6.2017.