Feil på fjernvarmeanlegget

Det var feil på Hafslund sin del av fjernvarmeanlegget i slutten av desember 2010. Feilen førte til at det har gått ut svært varmt vatn i tappekranane i leilegheitene og at temperaturen på varmtvatnet har vore svært ustabil. Feilen var mest alvorleg i B4, der det gjekk ut kokande vatn i kranene i éi leilegheit i fyrste etasje.

Hafslund har gjort endringar i innstillingane i fjernvarmeanlegget slik at dette ikkje skal kunne skje igjen. Styret vil òg få ettermontert skoldeventilar og anna utstyr som vil forhindre ein liknande situasjon dersom det skjer feil i framtida. Styret har meldt dette som ei mogleg forsikringssak til Gjensidige, og er i ferd med å få undersøkt om feilen har ført til skadar på røyropplegget vårt.

Meld frå til styret om du opplever svært varmt eller svært kaldt vatn, eller andre lekkasjar/feil.

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.