Gode tilbod om fasaderehabilitering

Byggjekomitéen hadde møte med OBOS Prosjekt 14. november for å gå gjennom tilboda som har kome inn om fasaderehabilitering.

OBOS Prosjekt inviterte åtte firma til å delta i konkurransen. Dette er firma som OBOS har god erfaring med frå tidlegare, som har gode rutinar og leverer god kvalitet. Éin leverandør trekte seg undervegs i prosessen, så det kom inn totalt sju tilbod. Prisane låg til dels godt under det vi venta.

OBOS Prosjekt skal no ha møte med to av leverandørane for å avklare detaljar i tilboda deira. Deretter vil styret (truleg tidleg i desember) velje entreprenør for rehabiliteringa. Styret vil vurdere både kvalitet, pris og tid.

Både OBOS Prosjekt og byggjekomitéen vil gjere bakgrunnssjekk av dei mest aktuelle entreprenørane. Vi sjekkar sjølvsagt òg referansar og tidlegare arbeid entreprenørane har utført. OBOS har gode rutinar for dette.

Korleis blir rehabiliteringsperioden?

Vi siktar framleis på oppstart våren 2014 (mars?).

Entreprenørane treng truleg rundt åtte brakker (dusj, spiserom, toalett o.l.) + containarar (til byggjematerialar). Vi tek sikte på å bruke området mellom blokkane til dette (der plattingen er i dag). D.v.s. at plattingen truleg ikkje vil kunne brukast sumaren 2014. Heile uteområdet blir sjølvsagt sett i stand etter rehabiliteringa.

Andre område på tomtene våre vil òg bli brukt til lagring av materialar o.s.v.

Byggjeperioden vil vare mellom 5 og 9 månader for begge blokkene til saman (dette er blant temaa vi skal diskutere med entreprenørane). Det vil vere stillas rundt kvar blokk i nokre (2-3?) månader. Stillasa vil gå rundt heile bygget.

Vi kjem tilbake med meir detaljert informasjon etter at styret har vald entreprenør.

Korleis blir fasaden?

Byggjekomitéen har god kontakt med Byantikvaren. Fasaden vil bli omtrent uendra: All detaljering i betongen vil bli vidareført, det vil framleis vere skifer og teglstein på delar av fasaden. Fargen vil bli tilbakeført til den opprinnelege (litt mørkare og reinare blå enn fargen vi har i dag).

Spørsmål og svar

  • Må alle skifte vindauge? Ja, Byantikvaren krev at alle vindauga skal vere like. D.v.s. at også heilt nye vindauge må skiftast, men desse seksjonseigarane vil få ein økonomisk kompensasjon.
  • Må alle skifte balkongdør? Nei, dette blir frivillig.

Sjå fleire spørsmål og svar på http://blindernveien.no/fasade/sporsmal-og-svar/

Dersom du har andre spørsmål: Ta kontakt med byggekomiteen@blindernveien.no, eller legg ein lapp i styrepostkassa.

blindernveien.no ble sist oppdatert 16.4.2020.