Fasadefarge – resultat av avstemninga

Det har vore avstemning blant seksjonseigarane om kva farge bygga våre skal ha etter rehabiliteringa.

Det vart fleirtal for farge 1.

Det vart fleirtal for farge 1.

Årsmøtet har vedteke at fasadane framleis skal vere blå.

Det vart malt opp tre ulike blåtonar som seksjonseigarane kunne stemme over. Alle alternativa er fargar som ligg nære det som truleg var originalfargen på bygga.

Farge 1 (den lysaste) fekk flest stemmer, tett fylgd av Farge 3. Farge 1 er litt mørkare enn dagens falma farge på fasaden.

Avstemning om fasadefarge
B2 B4 Sum
Farge 1 6 13 19
Farge 2 4 5 9
Farge 3 8 9 17
Sum 18 27 45

Halvparten av seksjonseigarane deltok i avstemninga, flest frå Blindernveien 4. Det kom 4 stemmer på papir, resten stemte via nettsidene.

Det var eit knapt fleirtal for farge 3 i Blindernveien 2, men det var så få seksjonseigarar som deltok i avstemninga at farge 3 likevel fekk færre stemmer totalt.

Fleire av seksjonseigarane har åtvara mot farge 3 fordi denne fargen kunne blitt veldig skarp og skrikande på så store bygg som våre. Det har ikkje kome tilsvarande åtvaringar mot dei andre fargealternativa.

Fargekodar

Den blå delen av fasaden får fargekode Fargekode Sto 35320, som er tilnærma lik NCS S 3020-B.

Den grå delen av fasaden + innvendige veggar på balkongane får fargekode NCS S 1500-N.

Golva på balkongane får fargekode RAL 7035.

Fasade
blå
Fasade grå
Balkongvegg
Balkonggolv
grå

 

 

Fasaderehabiliteringen i Blindernveien 2 startet 3. mars 2014. Stillasene ble fjernet 18. august, og det var noe etterarbeid til 21. november 2014.
Rehabiliteringen i Blindernveien 4 startet 5. mai 2014. Stillasene ble fjernet 16. oktober, og det var noe etterarbeid til 21. november 2014.
Share Button

blindernveien.no ble sist oppdatert 26.6.2017.