Info om styrets arbeid med brannvern

I 2008 hadde Brannvesenet inspeksjon i blokkene, i samband med Høghusprosjektet Brannvesenet har i Oslo. Brannvesenet kom med ein del pålegg («skal») og ein del tilrådingar («bør») for å betre branntryggleiken i blokkene.

Arbeidet starta i 2008, og vil bli avslutta i 2012.

Overordna plan for arbeidet:

  • 2008: Opplæring i bruk av brannslokkingsapparat på dugnaden. Kontroll av alle brannslokkingsapparat og røykvarslarar.
  • 2009: Styret organiserte innkjøp av nye røykvarslarar og brannslokkingsapparat.
    Alle slusedørene (som var laga i tre, originale frå 1959) vart skifta ut med brannsikre dører.
  • 2010: Alle gamle entredører (i tre, originale frå 1959) vart skifta ut med brann- og røyksikre dører. Dette er kvar sameigar sitt ansvar, men styret koordinerte utskiftinga.
    Hovudtavla for straum, vaskeritavla og sikringsskap i fellesareala vart skifta i løpet av hausten 2010.
  • 2011: Alle eigarar fekk tilbod om å skifte ut sikringsskapa sine, svært mange takka ja. Dette er kvar sameigar sitt ansvar, men styret koordinerte felles utskifting. Arbeidet vart starta i 2010 og avslutta i 2011, og det er no ingen gamle sikringsskap att i bygga.
  • 2012: Det blir installert brannventilasjon / trykksetjingsanlegg som skal blåse ut røyk frå trapperommet i tilfelle brann. Dette sikrar at blokkane kan evakuerast gjennom trapperommet. Dei nye brann- og røyktette entrédørene vil sikre at det ikkje slepp til oksygen til brannen.
    Forlengjing av rømningsvegar via balkongane. Det er i dag rømningsvegar frå 11. til 7. etasje. Desse må forlengjast til 2. etasje.
    Det blir installert felles brannvarslingsanlegg.

Styret har hyra inn Norconsult til å gå gjennom brannverntiltaka, for å sikre at dei er i tråd med forskriftene. Norconsult leverte ein rapport med tilrådingar i oktober 2010.

Hugs at du sjølv er ansvarleg for brannslokkingsapparat, røykvarslarar, elektrisk utstyr, sikringsskap, samt elektriske leidningar frå sikringsskapet og inn i leilegheita.

Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn («eier» = seksjonseier, ikke sameiet)

§ 2 – 5 Røykvarsler og manuelt slokkeutstyr i bolig

Eier av bolig skal sørge for at boligen er utstyrt med minst en godkjent røykvarsler, plassert slik at den høres tydelig på alle soverommene når dører er lukket.

Eier skal også sørge for at boligen er utstyrt med manuelt slokkeutstyr som kan benyttes i alle rom.


Publisert 20.4.2009 av Erik Bolstad.
Sist oppdatert 28.12.2011 av Erik Bolstad.