Montering av brannventilasjon og nytt glastak over trapperommet

Frå måndag 12. mars til fredag 23. mars blir det montert brannventilasjonsanlegg og lagt nytt glastak over trapperommet.

Oppdatering 29. mars: Arbeidet er forseinka, og styret har ikkje fått melding frå leverandørane om når anlegget vil bli ferdig. Vi håpar det skjer før påska startar for alvor.

Montering av nytt glasstak i Blindernveien 2.

Det nye brannventilasjonsystemet vil vere kopla til brannalarmen. Ved alarm vil det bli blåst inn luft i trapperommet slik at trykket i trapperommet stig til 50 hPa. Då vil eventuell røyk frå leilegheitene bli blåst vekk frå trapperommet, slik at vi kan evakuere gjennom trappa.

Brannventilasjonsanlegget blir montert på taket.

Vi skiftar glastaket over trapperommet samtidig. Det gamle taket er ikkje tett, og må tilpassast ventilasjonskanalane frå brannventilasjonen. Det gamle stålnettet blir slipt ned, og det kjem nytt glas. Vi prøver å få lagt nytt undertak samtidig, slik at vi får litt betre isolasjon i trapperommet.

Onsdag 21. mars kom heisekran for å heise opp brannventilasjonsanlegget.

Plan for arbeidet

  • måndag 12. til tysdag 20. mars: Det gamle glastaket blir fjerna, stålgitteret blir pussa ned og malt.
  • onsdag 21. mars: Det kjem heisekran for å heise opp brannventilasjonsanlegget + nytt glas til taket.
  • torsdag 22. og fredag 23. mars: Brannventilasjon og nytt glastak blir montert.

Arbeidet skjer samtidig i begge blokkene. Tidspunkta kan bli endra.

Arbeidet vil skje på dagtid. Taket over trapperommet blir dekt med presenning medan arbeidet pågår.

Arbeidet blir utført av Bryn Byggklima AS og Kirkerud Glass AS.

Plan- og bygningsetaten har godkjend det nye brannventilasjonsanlegget.

Share Button

blindernveien.no ble sist oppdatert 26.6.2017.