Varmtvatnet blir kopla ut nokre timar 14.-17. mars

På grunn av arbeid på fjernvarmeanlegget blir varmtvatnet kopla ut i nokre timar.

  • Blindernveien 2: måndag 14. mars 2011 og tysdag 15. mars frå kl 08.30.
  • Blindernveien 4: torsdag 17. mars frå kl 8.30.

Det blir montert nye skoldeventilar slik at vi skal unngå problem med for høg temperatur på forbruksvatnet. Før jul gjekk det ut kokande vatn i anlegget.

Arbeid på radiatoranlegget i Blindernveien 2

Det vil bli utført arbeid på ekspansjonstankane i radiatoranlegget i Blindernveien 2 onsdag 16. mars. Styret håpar at dette vil løyse problema som har vore med radiatorane: det kjem nesten ikkje varme opp i radiatorane i dei øvste etasjane, og det har vore feil på ekspansjonstankane i kjellaren som har ført til lekkasjar i fyrrommet.

Det er ikkje feil på radiatoranlegget i Blindernveien 4, men styret vil likevel  få utført tilsvarande arbeid i Blindernveien 4 til sumaren.

Share Button

blindernveien.no ble sist oppdatert 26.6.2017.